Historie om Fjell festningfjell-kommune

Hausten 1942 starta tyskarane byggjearbeidet på Fjell festning. Dei brukte om lag 1600 russiske, polske og serbiske krigsfangar. På festninga skulle dei ha radar og ein langtrekkjande kanon med tre løp. Kanonen var  frå slagskipet «Gneisenau». Målet var å kunna kontrollera kyststripa utanfor Sotra og innløpet til Bergen.

På under eitt år bygde fangane både kai på Tellnes for å få i land den enorme kanona, veg opp til festningsområdet og sprengde ut stein djupt nedover i fjellet. Eit spesialbygd 36 hjuls vogntog frakta kanonen opp frå Tellnes kai.

14. juli 1943 overtok ein tysk marinebataljon på 1100 soldatar, kanonmannskap og eit ingeniørkompani på 100 mann offisielt festningen. Men sjølve arbeidet med å gjera ferdig heile anlegget heldt fram til krigen slutta. I 1968 vart kanonen demontert og gjort om til spikar.

Etter krigen har Fjell festning hatt ulike forsvarsoppgåver, og fungerer i dag som radarstasjon for Sjøforsvaret og øvingsplass for heimevernet.

Etter krigen overtok det norske forsvaret anlegget, og dreiv det vidare som eit regulært kystfort fram til kanonen vart fjerna på slutten av 1960-tallet. Sjøforsvaret opprettholdt ein kystradarstasjon her til 2005. Nærforsvarsanlegget vart ikkje betjent i samme skala som før, og minefelta vart fjerna. Likevel døde ein bonde frå Fjell så seint som i 1953 då han gjekk på ein mine. Også under krigen var det ulykker i minefelta rundt festningen.

1963

Kanontårnet med 3x 28,3cm kanoner, fotografert i 1963, 5 år før festningen ble nedlagt som stridsanlegg.

Frode Inge Helland (1963)

2007

Kanonstillingen slik den så ut fra samme sted i 2007 – 44 år senere.

Sindre Skrede (2007)

I dag

Et attraktivt turområdet og målet for Russarstegen Opp.